Logo
Hjem
Historie
FAQ
Presse
Bygget
Kino & Kultur
Etne VGS
Send e-post
Webcam
Skakkesenteret
2010.03.26

Første spadestikk for SKAKKE -senter for skule, idrett og kultur!

Styret i Etne kulturhus BA ynskjer å markere at byggjearbeida for SKAKKE, senter for skule, idrett og kultur vert sette i gong straks etter påske.

Anlegget er tenkt å skulle tene samfunnet vårt langt inn i framtida! Til denne markeringa valde me derfor å invitere dei som skal bruke anlegget i tidene som kjem, - anten dei skal gå på vidaregåande, drive med idrett, låne bøker, gå på fest eller i gravferd, sjå ein film, oppleve eitt show, treffe venner, drive dank, lære å spele instrument, opptre, gå på konsert, rydde bordene, surfe på nett, få diplom, turne, gå i grunnskulen, møte den første kjærleiken,…for å nemne noko ! Det var om lag 50 ungar frå dei ulike barnehagane Enge, Rygg og Småfolk, saman med ordføraren i Etne kommune, som vart bedne om å vera offisielle representantar for det framtidige Etnesamfunnet og brukargruppene i SKAKKE under markeringa. Representantane var bedne om å stille med spade og spann for å utføre det første spadestikket! Arrangementet vert avslutta med eit fest måltid med bollar og saft. Av omsyn til sikkerheta og lovverk knytt til den, fant hending stad allereie Torsdag, 25. mars 2010, kl. 12.00 på grusbanen ved Etne kulturhus, - før området vart avsperra av byggegjerde.

Nils Halleland, Leiar Kultur Etne kommune


Endelig er dagen kommen!
Finansieringa er i boks!

Nå skal me starte å bygge SKAKKE-Senter etter påske, 20år med venting er forbi....

Så me oppmodar fortsatt alle til å ta del i kronerulling rundt SKAKKE-senteret vårt.

Det er no arbeidet begynner, me må nå engasjere alle til å ta del i kronerullinga. Mange private har venta på ei avklaring, nå er den kommen. Ver med å trygga starten for SKAKKE-Senteret vårt. Me har samla inn meir en 5.millionar frå bedrifter, nå er det dei private som må trø meir til.. SKAKKE-senteret blir eit vendepunkt for regionen vår. Det er me levande overbevist om. Levande bygder kjem ikkje av seg sjølv, dei lagar me i lag!

Denne ”Kinder-egg” innpakninga blir fort gløymt om ein KUN ser på prisen. Dette er SKULE / IDRETT / KULTUR i samme hus, det er betre en 3 seperate bygg !!


Hordaland Fylke har kjøpt plass(seksjon) til EtneVidaregåande Skule( 29mill), Etne Kommune har kjøpt seksjon(12mill) til Skule, Etne-Folkebibliotek, kultur-/musikkskule m.m. Etne Kulturhus BA sit då med ca 29mill i lån til idrett og kultur etter fråtrekk av tippemidler m.m Tippemidler lar vente på seg i ca 5år, dermed vil ein måtte låne ca 11mill. ekstra i ca 5år. Dette røyner på driftsbudsjettet, og dermed må me som brukerar, bygdefolk og venner hjelpe til i starten. Dette for å få bankar og finans institusjonar til å godkjenne finansieringa. Ikkje ulikt måten me hjelpe ungane våre når dei skal etablera seg for fyrste gong. Så pengane som kjem inn via kronerullinga vil stå som ein garanti for drifta i begynnelsen.

Bedrifter i regionen vår som me har vore i kontakt med er svært positive til å stille opp. Sponsornemda har møtt nærigslivslederar som vurderar SKAKKE-senteret som avgjerande for at regionen vår skal blomstre i framtida. For at ungdomen skal komme tilbake til bedriftene med kompetanse og samtidig hjelpe dei til å vokse og lage arbeidplassar, må forholda leggast til rette seier dei.

Private må også stille opp! Me er jo så mange fleire en dei som driv ei bedrift. Dermed kan me gjere den store forskjellen. Berre med å gi litt kan me få så mykje, mykje meir tilbake. Besteforeldre, utflytta Etnebuar, venner i nabokommunar, Jørgen Hattemakar og Kong Salomo, alle kan bidra etter evne. Støtt difor kronerullinga det vil gje den aller beste starten for SKAKKE-senteret!

Husk ! Det er ikkje for å betale heile lånet me kronerullar, me skal berre hjelpe litt til å styrke driftskapitalen.. Gevinsten er eit nytt SKAKKE-senter som vil gi oss mange gleder i mange generasjonar framover!

Kontonummer bedrifter: 3543 1404 751

Kontonummer private: 3543 1404 778

last ned sponsorblanketten her
Bilde fra byggingen
Live bilde fra byggingen. Klikk for større bilde
Det nærmer seg..
Me skriv midten av november 2011 og Skakke byrjar å ta form..
(0)
Meisling og fjerning av gamle trappetrinn
At Ove Ekrheim er ein støvanes kar er vel kjent, her er han i full gang med å meisle bort dei gamle betong trappene i kinosalen, sjå bilder under << LES MEIR>> linken !!
(0)
Fjerning av det gamle teppet i Kinosalen
Onsdag 25.08.2010 møtte mange til dugnad, Etne A-lag stilte villig opp med mange spillere som er unge og sterke, og dugnaden gikk som smurt :-) sjå bilder under << LES MEIR>> linken !!
(0)
Demontering av stoler i Kinosalen
Lørdag 21.08.2010 ble stolene i Kinosalen demontert og kastet. sjå bilder under << LES MEIR>> linken !!
(0)
Første spadestikk for SKAKKE
Styret i Etne kulturhus BA ynskjer å markere at byggjearbeida for SKAKKE, senter for skule, idrett og kultur vert sette i gong straks etter påske.
(0)
SKAKKE ER I BOKS !!!!
Endelig er dagen her, og nå skal me bygge !!
(0)
SKAKKE-senteret treng fleire private og bedrifter med på lag !
... dei første åra blir så mykje bedre då ....
(0)
Sponsorinntektene passerer 4millioner !!!
Ein fantastisk milepæl er nådd...
(2)
Etne Fysioterapi & Trening utfordrar medlemmene til å trene for SKAKKE
”Det handlar om å få ting på rett kjøl”
(1)
Gir Julegratialet
Julegratialet til dei ansatte i Etne Sparebank går til SKAKKE-senteret.
(1)
Denne siden er utviklet og sponset av Quantum Solutions AS
Besøkende: 69000